Jon Fosses storverk i ein annleis teaterframsyning
Engegårdkvartetten, skodespelar Gjertrud Jynge og
biletkunstnar Marianne Heske foreinar krefter i denne
konsertframsyninga basert på Jon Fosses Septologien.
Forteljinga om Asle
«Den aldrande kunstmålaren Asle har ikkje fleire bilete i seg, og har i år for fyrste gong takka ja til å feira jul i lag med naboen Åsleik. I alle år har han måla på julaftan, i ei freisting på å måla alle bileta i hovudet vekk, og for å sleppa å tenkja på alt som er vondt å tenkja på. Som kona Ales, ho døydde frå han så altfor tidleg. Men ein lausunge blir fødd i ei løe, og sikkert er det at det er når det er som svartast at lys kan sjåast.»
Kammermusikk og videomåleri
Nobelprisvinnar Jon Fosse skreiv Septologien i åra 2019–2021. No har skodespelar Gjertrud Jynge frå Det Norske Teatret bearbeidd romanverket for konsert. I samspel med Engegårdkvartetten byr ho med denne premieren på ein annleis konsert. Du får høyre forteljinga om Asle, og kammermusikk i spennet frå gamalt til moderne, det folkelege og det sakrale. Eitt av videomåleria til biletkunstnar Marianne Heske er visuelt følgje i framsyninga.
Prosjektets medverkande
Gjertrud Jynge er anerkjend som ein av dei fremste tolkarane av Jon Fosse. Jynge har fått Fosses løyve til å omarbeida Septologien, og har invitert Engegårdkvartetten til å vera med på denne konsertframsyninga. Då Marianne Heske kjem frå Vestlandet til liks med Jon Fosse, og dei to kunstnarar nyt gjensidige respekt, var det eit openbert val å bruka Heskes kunst i framsyningane.
Musikkverk som blir fletta inn i forteljinga
● Claude Debussy: Andantino, doucement expressif fra Strykekvartett i g moll opus 10,
● György Kurtág: 12 Microludes for String Quartet, Op. 13, “Hommage à Mihály András”
● Trad. norsk arr. Bjørn Andor Drage: Bruremarsj frå Eide
● Geir Tveitt arr. Engegårdkvartetten: Dan fagraste viso pao joræ
● Béla Bartók: Adagio molto fra String Quartet No. 5, Sz. 102, BB 110
● Trad. norsk arr. Bjørn Andor Drage og Engegårdkvartetten: En smuk aftensang
● Alfred Schnittke: Stille Nacht
● Trad. arr. Sigmund Lillebjerka og Engegårdkvartetten: Joik Suite
● Gamleåret seig i Hav av Elias Blix, folketone fra Lofoten
● J. S. Bach: koraler fra Juleoratoriet
Gjertrud Jynge
(f. 1966) frå Tromsø er utdanna skodespelar frå Statens Teaterhøhskole (1990-1993) og er fast tilsett ved Det Norske Teatret. Etter utdanninga var ho først knytt til Rogaland teater, men har vore knytt til Det Norske Teatret sidan 1996. Ho har hatt berande roller i ei rekkje dramatiske, humoristiske og musikalske teaterframsyningar. Mellom større roller er Milja i Ungen (1997), Josefine i Bør Børson jr. (2001), tittelrolla i Anna Karenina (2002), Klyteimnestra i Orestien (2003 og Oresteia (2023), Den grønkledde i Robert Wilsons Peer Gynt (2006) og Volva i Wilsons Edda (2016), Christine Mannon i Sorga kler Elektra (2012), tittelrolla i Fedra (2014), Ales i Trilogien (2019), Ranevskaja i Kirsebærhagen (2020) og Édith Piaf i Sporv og engel (2023).
Ho var også del av det store teaterprosjektet Andre verdskrigen- Natt i verda (2016). I 2015 skreiv og sette ho opp soloframsyninga Frå landevegen, basert på sin eigen familiehistorie.
Gjertrud Jynge har fått Heddaprisen for Beste kvinnelege birolle/medspelar for rollene som Christine Mannon i Sorga kler Elektra og Maria Steuber i Tida og rommet, og som Beste kvinnelege skodespelar/hovudrolle for rolla som Ales i Trilogien. Denne fekk ho også Kritikerprisen for. Ho mottok også Heddaprisen for Særleg kunstnarleg innsats for i lag med resten av ensemblet i Edda.
Ho har orså hatt fleire roller i film og TV, mellom anna: NRK- seriane Skolen og Halvbroren og Dag på TV2. Filmroller i Salige er de som tørster og Da jeg traff Jesus med… sprettert.
Engegårdkvartetten
ARVID ENGEGÅRD—FIOLIN
AMANDA HORN—FIOLIN
JULIET JOPLING—BRATSJ
JAN CLEMENS CARLSEN—CELLO
Engegårdkvartetten ble grunnlagt i Lofoten i 2005. De har omfattende konsertvirksomhet nasjonalt og internasjonalt. En rekke plateutgivelser, utgitt blant annet på 2L, BIS, Simax og LAWO CLASSICS, har høstet internasjonal anerkjennelse. Deres utgivelse av Johan Kvandals samlede strykekvartetter var nominert til Spellemannprisen 2023. Kvartetten har samarbeidet med internasjonale størrelser innenfor klassisk musikk som Leif Ove Andsnes, Sir András Schiff og Marianne Beate Kielland, folkemusikere som Nils Økland og Susanne Lundeng, jazzmusikere som Ola Kvernberg og Bendik Hofseth, samt skuespillere Bjørn Sundquist og Gjertrud Jynge. I tillegg til det klassiske kjerneprogrammet, er kvartetten engasjert i samtidsmusikk og fornyelsen av strykekvartettrepertoaret. Engegårdkvartetten er støttet av Kulturrådet.
Praktisk informasjon
Billettpris:
Ordinær: 395,-
Dørene åpner én time før
Arrangør:
Nordland Musikkfestuke
Besøksadresse:
Stormen Konserthus
Storgata 1B
8006 Bodø
Kontaktinformasjon:
E-post: billettsalg@stormen.no
Telefon billettskranke: 755 49000
www.stormen.no
Tilgjengelighet
Vi ønsker at så mange som mulig skal kunne oppleve levende kultur, derfor er Konserthuset tilgjengelighetstilpasset og har heistilgang fra alle etasjer. I vår billettskranke kan du bestille både rullestolplasser og teleslynge.
Parkering
Det er tre parkeringshus i kort avstand fra konserthuset. Den nærmeste er rett over gaten i Sentrumsgården. Kvartal 99 og Glasshusgarasjen er også like ved.
Vergeordning
På en del av våre arrangementer med 18 årsgrense kan man benytte seg av vergeordning ned til 15 års alder. Vergen må være over 25 år, være til stede under hele arrangementet og kan ikke nyte alkohol/rusmidler før eller under arrangementet. Èn verge kan ha ansvar for to personer under 18 år. Vergeskjema finner du her.
Billettkjøp
Billetter til arrangementene fås kjøpt i vår billettskranke eller på stormen.no. Billetter refunderes ikke.
Barer og pauseservering
Vi har barene åpen i tilknytning til alle våre arrangementer og det er lov å ta med seg drikke inn i salene. Du finner barer i alle etasjer i bygget.
Flere konserter på Stormen konserthus: